Peter Pareliussen

Eg har alltid vore opptatt av helse, kropp og sinn. Då eg oppdaga Taichi og Chigong i 2000, var det som ei heilt ny side av treningslæra opna seg for meg, og eg har fortsett med desse treningsformene sidan. Frå 2007 har eg og trent Ichuan. I tillegg har eg trent beslekta treningformer og kampkunstar, og har brei erfaring som utøvar og instruktør. Eg har lært frå mange dyktige instruktørar. Mest har eg lært av Ole Eskildsen frå København, som har meistra desse helse- og kampkunstane på svært høgt nivå. Til dagleg jobbar eg som lektor i kroppsøving og historie.

Peter Pareliussen